Studie.no

Sogn Jord- og Hagebruksskule – økologisk landbruk

Mulighetene:

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) er ein vidaregåande skule som underviser i økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling. Skulen har Vg2 og Vg3.
SJH er landsline, det vil seia at elevar frå heile landet har rett til elevplass ved skulen. Ofte er det og utanlandske elevar her. Me har god plass for elevar med spesielle behov og tilpassa opplæring.

Andre vidaregåande skular som underviser i økologisk landbruk Vg2/Vg3 finn du på linksida vår. Vi legg stor vekt på å lage eit heilskapeleg opplegg, med best mogeleg samanhang mellom teori og praksis gjennom dei to skuleåra.
Det sentrale undervisningshjelpemiddelet er eit allsidig skulegardsbruk med økologisk drift. Bruk av utmarka er ein viktig del av undervisinga, og elevane får ta del i tradisjonell støling på den nedlagde garden Sinjarheim i Aurlandsdalen.
Tilbod på skulen:
Elevane kan få bruke verkstadane på skulen i fritida etter nærare avtale. Her kan dei drive med trearbeid og metallarbeid. På skulen er det også filmklubb og skuleavis.

Kontaktinfo:

Fylke: Sogn og Fjordane
TLF:57 63 26 50

Bildegalleri

Blir du sjakkens neste Magnus Carlsen? 🔥 Lær av Stormestere og nå nye høyder – klikk her!